JON OLAV

Årets Urørt-vinner JON OLAV er klar for å bli Norges nye superstjerne. Men aller først skal han berre vise fram langfingeren sin bitte, bitte litt til.

Med låta “Talentfabrikk” rettar han fingeren sin denne gongen mot Idol, plateselskap som utnytter og andre som måtte føle seg truffet. Fortsatt er han like ung og dum. Med den nye låta si viser han for alvor ein punkete attitude og beviser samtidig at han ikkje er noko one-hit-wonder. Ein slags Sondre Justad som flørtar med Honningbarna. 

Den siste tida har JON OLAV vore eit heitt namn i norsk media og over 350,000 mennesker har fått med seg debuten, “Hei Erna”. Til og med P3 fekk augene opp for Sunnmøringen og kåra han til ukas urørt eit par veker etter videoen kom ut. I tillegg blei han raskt booka til bransjefestivalen Trondheim Calling og namnet hans er venta å dukke opp mange stadar i tida framover. Etter den suksessfulle debuten har han også fått ei forestilling om at han er ein slags Messias i norsk musikk og skal no til å frelse Norge med nok eit godt budskap. Endå fleire vil elske han og endå fleire vil garantert hate han.

------------------

KLUBBEN, SAMFUNDET - TORSDAG 16. august 23:00

CC: 140,- / 190,- (medlem eller med/uten Pstereo-pass)

Aldersgrense: 18 år

Les mer